The Cop and The Captain

The Cop and The Captain



10 Nov 19:00 - 20:00 - Bremnes
Bømlo kulturhus

Route

Captain Frodo er ein internasjonal artist som for tida har base i Australia. Frodo har tidlegare vore fast underhaldar i Las Vegas, London, Danmark mm. No reiser han rundt på ulike festivalar og arrangement i heile verda og opptrer med si spesielle form for underholdning. Showet er basert på humor, med ei blanding av magi og ekstrem kropps-akrobatikk. Captain Frodo har vore underhaldar heile livet, og er profesjonell til fingerspissane.

Vidar Hansen er tidlegare politimann, og har vore profesjonell underhaldar i 5 år. Han er den einaste profesjonelle tankelesaren i Noreg. Showet til Vidar Hansen er ei blanding av humor og tankelesing. Vidar Hansen brukar psykologi, tyding av kroppsspråk og intuisjon til å laga ein illusjon av ein sjette sans. Han vert omtala som Noregs svar på Sherlock Holmes og har ei ekstrem evne til raskt å tyda om folk lyg, eller kva dei tenkjer på. Showet hans er bygd opp saman med ein av Canadas mest anerkjende tankelesarar, samt tekstar som er skrive av mellom andre Noregs leiande stand-up-komikarar. Vidar Hansen har sin eigen TV-serie på TV2 Livsstil som heiter "Den nakne sannhet".



Captain Frodo og Vidar Hansen er frå Haugesund. I 2015 var Vidar i London og såg showet til Captain Frodo. Etter showet diskuterte dei sjansane for å setja opp eit show saman. Dette resulterte i det unike showet "The Cop and The Captain". I november 2017 sette dei opp showet på Festiviteten i Haugesund. Showet vart utseld og var ein umiddelbar suksess, og det vart re-booka igjen til same stad i 2018. I tillegg vart det bestemt å laga ein turné på fleire spelestader i Noreg i år.

Den spesielle blandinga av Vidar Hansen og Captain Frodo gjer showet heilt unikt. Det er humoristisk, involverande og spanande for publikum i alle aldrar. Tilbakemeldingane frå showet i Haugesund har vore fantastiske, og me ser fram til å vise showet til eit breiare publikum i 2018.


Fire begravelser og ett bryllup

14 Nov 19:00 - 20:30 14 Nov 19:00 - 20:30 - Bremnes Bremnes
Bømlo kulturhus Bømlo kulturhus
Morten Joachim vaks opp med narkomane foreldre og ein narkoman bror. I dag er han ein vellukka regissør og dramatikar. Fire begravelser og ett bryllup har altså ingenting med...   More info


© 2018 Siguez